World Wide Vikings - Turrapport


Vindstille!

Publisert 20.08.2014 kl 10:47 av Anneli

Tidspunkt: 29.07.2014

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Røst, Nordland

Med på turen: Anneli, Bernhard

Endeleg stod Røst for tur. Vi kom med tidlegferge frå Bodø, 14 stk og ditto mange syklar. Hadde tinga overnatting hos Steinar Greger, som leiger ut småhus og driv pub. Stort press på sengeplassane den helga vi var der, for andre skulle som oss på Querini-operaen. Litt under 600 fastbuande på Røst, og denne helga venta dei 1200 besøkande!

Vindstille og finvêr då vi kom, og det vart raskt bestemt at skulle vi ha tur ut til fuglefjella, måtte det bli med det same. Vi fekk tinga oss ei skøyte utover, og dei mest topplystne vart sett i land på sørsida medan dei andre tøffa vidare. Rask tur opp gjennom graset, og for ein utsikt! Trenyken og Skomvær, Røst-landet og Lofoten.

Fint å ha med seg sykkel til Røst. Vi sykla på kryss og tvers. Fekk med oss gamle ruinar og kvalkadaver ute på vestsida - og sjølvsagt Querini-operaen, om ein venetianer som stranda her på 1400-talet. Imponert over kva ei så lita befolking har klart å få til med litt hjelp frå proffe utanfrå. Kan anbefalast! Elles hadde vi gode måltid på Bryggehotellet og ei heilt spesiell oppleving på The Creator. Må opplevast :-)

Væreøy måtte eg dessverre la stå urørt denne gongen.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person