World Wide Vikings - Turrapport


Reint Finmarksparadis, fritt for menneskeavtrykk

Publisert 11.07.2014 kl 22:05 av Anders
oppdatert 11.07.2014 kl 22:11

Tidspunkt: 09.07.2014

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Kvalsund, Finnmark

Med på turen: Anders, mob

Fekk invitasjont til Camp på Seiland og hadde ikkje vet til å seie nei.
Mob hadde ordna overnatting på Seiland så vi tok rutebåt frå Storekorsnes 1730. Vart plukka opp på kaien i Altnes og vist til finfine rom i ein eldre internatskule. Dei har pussa opp og styr, men mykje sjarme og historie att og eit godt utgangspunkt for tur då dei og kan frakte deg inn fjorden. Badstu og Jacuzzi er også greitt etter tur. Fine folk! Du finn dei på http://www.seilandhouse.no/
Frukost 0730, transport med båt inn Kufjorden 0830. Vart litt ørnesafarie så vi starta ikkje innst i fjorden før 0915. Held venstre side opp elva til Straumskaret (me forsøkte båe to ;), reintråkket er betre her. Kleggen gjorde også at me hald flott fart opp til skaret. Her vart det 25 minutt pause med forsøk på å drepe all kleggen på heile Seiland. Det gjekk ikkje, men myggsprak gjorde litt. Lyse klede er også lurt. Så spora me opp nordvest mot Seilandstuva og kom opp etter 3,5 timar på tur. God pause, mektig syn til Hammerfest og vinden var sval og deilig på ein særs heit dag.
Ned att drog me litt meir direkte sør før skaret og gjekk rett i ein stor reinflokk satt ut av lokale sjøsamar. Var mykje om og men for å komme forbi dei då ein annan flokk stod lenger nede i dalen, men det ordna seg etter litt styr. Nede i skaret var me særs usikre på korleis Gahpu skulle verte angripen, me enda opp med å skråne nordaustover og etter kvart direkte aust til rett under toppen. Det er bratt her og utan stegjern og isøks tok me ingen sjansar. Ta med ein av dei to på tur i juni/juli! Men kom oss opp utan uhell og skråna attende søraust på andre sida av Gahpu. I sadelen her var det berre å gå neste direkte aust opp høgdemetra og over ein isbre som var sjukt lang og sugande for leggane. Oppe der var me kl. 1930 og to nye toppar var i boks. Ikkje så fin utsikt og me merka tiden på tur, men me hadde avtale ved Elvenes 2100 så her var det berre å «gøtse» på attende over breen. Standar rute til breen går ned/opp Elevenesdalen så her var det å passe på kurs og følgje med på kart for å trygge rett dal. Det gjekk greitt, men tok tid å gå over sugebreen og turen ned att til Elvenes var uryddig med sva, ur og tett bjørkeskog. 2215 var me nede, lettare forslått og passe kake etter 13 timar på tur.
Seiland house fiksa kvalkjøtt til middag og Argentina tok seg av Nederland på kveldstid slik at me kunne krype inn med eit smil om munnen. Neste dag var det neste 30 grader så fiske, bade i elva og grillings var det me tok oss til. Herlige dagar på Seiland, ei eksotisk perle i Finnmark!

Takk til gutta boys for å ha lurt meg med til denne juvelen av ei øy.

Tid på tur: 13 timar inkl. gode pausar
Avhengig av: transport inn og ut Kufjorden, vanskelig å legge båt der
Hugs: Klekkspray, våtsokkar og stegjern






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person