World Wide Vikings - Turrapport


Andre i Møre og Romsdal

Publisert 23.06.2014 kl 22:13 av bakken59

Tidspunkt: 23.06.2014

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Molde, Møre og Romsdal

Med på turen: bakken59

Andre dag i Molde, og då blei det kommunetoppen. Ikkje veldig varmt og skiftande skydekke, men opplett. Køyrde mot Kleiva og tok av ved Kortgarden opp til Nakken, og så bomveg (20 kr) til der stigen til Skåla starta. Skodda hang nede ved Trollvatnet då vi starta på turen, men den steig oppover ettersom vi gjekk. Vatnet ligg på 502 meter, og det lågg blikkstille då vi kom opp, med grønt gjennomsiktig vatn. Vi tok stigen til høgre og det er ein dryg tur, tidvis så bratt at ein må bruke hendene, ganske luftig der ein kjem nær kanten, og i vårt tilfelle gjekk vi inn i skodde og snø på ca 1050 meter. Skodda låg tett på toppen og nysnø frå i går dekte topplatået. Eg er ergerleg for at eg heng bak, dårlegare kondisjon og dårleg fot, kondisjonen heng litt saman med foten, eg har ikkje fått trent slik eg ville pga akillesen. Vi møtte to jenter på toppen som hadde gått opp til venstre for Trollvatnet. Medan vi sat der letta det, og eit vidt utsyn opna seg for oss. Herleg!. Massevis av vardar og muringsiver oppå denne toppen. Så gjekk vi altså rundt skålkanten og opp på nordtoppen som heiter Skålaksla. Derifrå og ned var det ganske strevsamt. Mykje ur, og vanskeleg å setje slitne føter. Men vi greidde det utan uhell, kom oss ned til Trollvatnet, og derifrå ned skogen til bilen. Brukte 6 timar og 30 minutt inkludert rast på toppen, dei andre kunne ha gått raskare. Vi målte 9 km. Anne, Eirik og Tom var med.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person