World Wide Vikings - Turrapport


Flottaste skidagen i år!

Publisert 27.04.2014 kl 22:58 av bakken59

Tidspunkt: 27.04.2014

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Nord-Fron, Oppland

Med på turen: bakken59

Vi starta frå Valdresflye vandrehjem og køyrde nordover og nedover til den nordre bommen. Tok på fellene med ein gong, og følgde merkt skiløype rett austover. Vi følgde fjellet Langeberg (?) , kryssa bekkedalen og gjekk rett oppover til høgre for den bratte nuten på 1732, men til venstre for Veslefjellet og Rundhøe. Kraftig stigning, men greitt å gå. Så varmt og vindstille at vi gjekk utan lue, hanskar og anorakk, i trøyer berre. På toppen var det blikkstille og så varmt at vi sat og åt i sveitte trøyer som tørka i sola. Fantastisk rundskue, ikkje minst tilbake mot Gjendealpene der vi hadde brukt 11 timar dagen før. Vi gjekk opp på 2 timar og 45 minutt, distansen var 6,3 km. Turen ned gjorde vi atskillig raskare unna. Kjempemoro køyring nedover i greitt og vått føre. Vi møtte 2+3 personar som køyrde ned då vi gjekk opp, og jo tidlegare ein er oppe no i varm sol, jo betre føre får ein nedatt. Men vi klaga slett ikkje! Turen tok 4,5 timar inkludert god lang rast. Draumedag utan like! Arne M var med.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person