World Wide Vikings - Turrapport


Funnmøre Turiftforening

Publisert 23.02.2014 kl 21:27 av Anders

Tidspunkt: 21.02.2014

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Haram, Møre og Romsdal

Med på turen: Anders

Etter oppdrag på Giske gav me oss kl. 1400 då det var fredag og veret var fint (samt litt tekniske manglar). Eg køyrde 45 min til Krogsætra og ca. 1 km til. Her var skilt nord for vegen som fulgte traktorslep oppover. Var spent på snøen som låg i løype, men det gjekk greitt å fota seg i starten.
Etter 5-10 min gange kom eg til kryss og takka andre gode omtalar fulgte eg raude merkestokkar til høgre og oppover. Ikkje alltid like lett å følgje dei, men det er berre å sette kursen opp ryggen mot toppen. Etter kvart kjem ein også inn på "F" - merka steinar som må vere måla av Funnmøre Turiftforening (Ravn IL nede i lia hadde nok brukt annan bokstav).
Kom opp til 1061 etter mykje snøblest på siste del av egga og steinrøys med snø oppå som gav utfordringar og gjennomslag. Eg peisa dog på, flyet gjekk 2005 til Bergen og hadde ambisjonar om ny kommunetopp. Kom til fyrste varde etter ca. 95 minutt med blodsmak i kjeften. Satt ryggsekken att og lo rått når eg såg oppfarten til sjølve skjerdingen, 1069; Det såg gale-Mattias ut.
Kom ned greitt i skaret, men valgte rett opp steinrøysa som var litt på grensa mtp tryggleik. Betre vegval litt til "venstre" i fyrste bratta. Så eit mellomparti, såg ut som det var mogleg å leike seg opp nokre steinheller rett i mot, men det såg veldig ufint ut å tryne. Mtp at eg var åleine prioritere eg å leite etter betre renne opp og fekk ein artig berg-og dalebanetur på venstre sida rundt med snørener og små pinaklar. Trygt og luftig, relativt. Beit meg opp siste metrane og skreik i smerte og glede med svette i ballaklavaen. Brukte 1t 55 min opp til topps, 15min før "siste vendetidspunkt". Prioriterte tryggleik ned att og opp til 1061. Tok nokre fine bilete ved hullesteinane og jogga ned att i snøden. Kilte foten fast eit par plassar og fekk kjøttsår på leggen, men i kommunetopprus var æra større enn smerten. Køyre til Vigra og rakk det forsinka flyet med god margin og ein smil i sekken.

3t 3min t/r, høg gåfart, lett jogging ned att, men i delvis tung snø.
Turtips! Kombiner topp med vitjing til Langevåg i SUla. Her har Devold, Norrøna++ fabrikkutsal med kjempemasse bra friluftslivstøy til spotpris. Snopebutikk for vaksne!






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person