World Wide Vikings - Turrapport


Januarsol på Røymyrhei

Publisert 13.01.2014 kl 19:37 av Heia49

Tidspunkt: 12.01.2014

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Lillesand, Aust-Agder

Med på turen: Heia49

Fint turver må nyttast! Denne søndagen til ein av toppane i Høvåg, Lillesand kommune, der idrettslaget Høvdingen har eit trimpunkt.

Parkering på Kjøstvedt, finn ein plass i vegkanten der du ikkje er til hinder for andre. Gå vegen innover mot Kalland. Ta til høgre før du ser garden. Det er eit gammalt treskilt i vegkanten. Vegen vidare innover er merka med røde merke på tre og steinar. Ikkje friske og nymåla, men dei er der, og dei er nødvendige for å finne vegen.

Når du nærmar deg Røymyrheia, ser du ein del bratte fjell utan vegetasjon. Det er lett å kome seg opp fjellskåningen, opp eit skar. Lille Røymyrhei ligg på venstre hand - det er vegen til den toppen som er merka. På høgre side ligg Store Røymyrhei.

På toppen finn du kassa med turbok til å skrive namnet sitt i. Når du har drukke kaffien, kan du fortsette vidare frå toppen på merka sti vidare ein runde. Då kjem du igjen ved Isefjærfjorden. Vakre dagar slik som denne søndagen var, gav eit vakkert syn over fjord med sol.

For å kome tilbake til bilen følgjer du privatvegen tilbake, passerer Ormestøl, Kalland og er tilbake på Kjøstvedt. Ein fin runde på gode halvannan time + pause.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person