World Wide Vikings - Turrapport


Stavknekking, røyskatting og lønn for strevet

Publisert 30.09.2013 kl 19:03 av Anders
oppdatert 30.09.2013 kl 19:29

Tidspunkt: 15.08.2013

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Skjåk, Oppland

Med på turen: Anders

Fekk hyra inn ein lokal sherpa til turen som kjente hestbreapiggane frå alle bauer og kanter. Etter å ha plukka opp kart hjå han mannen som har kart i kommunen og konstatert at eg hadde lagt att matpakke på Fosstun, var det berre å starte frå heimaste Lundadalsæter. Mat, kva skal ein vestlending med det? Bompengar var betalt i form av 10 italienske euro så vonar god kurs tilgjer oss dette...
Dura inn dalen i 4 km/t - tempo i nydelig vær på god og tørr sti. Fekk litt problem med Davy Crocket - sjettesansen, altså stifinninga, etter kryssing av elv ved Røysflatan, men ein god lunsj (ikkje min mat som var flydd inn, nei) hjalp på stemninga. Den dalte kjapt etter å starta på ein laus og veldig ufin ur mot toppen (sjå sporinga) vest for Synste Breagrovi. Lauste steinar, mykje tid og fult fokus for å overleve. Etter å ha forsert den var toppen ein leik sjølv om litt snø gjorde at vi gjekk gjennom.
Brukte 5,5 timaropp og vart møtt av ein formidabel rundskue 360 grader. Grautfatet leverte så til dei grader med snø, stup og blå himmel i omrisset. Skjåkkallen var kjapt framme med å peike på at toppen i nordaust var Storivilen og ordet "Lomsegga" var som pest og kolera på denne sida av kommunegrensa. Elles var han ein flott turkamerat som delte meir og meir av denne utømmelige matpakka si.
Ned att prøvde vi vestraste ur ved høgde 1703, denne var litt betre enn den hine. Til og med eit par snørenner å skli på. Til mi store sorg knakk eg den malawiske vandrestaven i muljane cedar så her må kreative krefter til for å lappa den og meg sjølv saman. Vi drog godt på nedover, men klarte å treffe på 11 timar totalt før vi var nede. Riktignok med god pause på toppen.
Ser andre har klart seg med ein del mindre og gjer ura opp og ned litt av skulda her. Morenerygg om den er tørr (ref 'Toten') eller ta den frå Netosætra vil spare ein del tid og banning.

Tid totalt: 11 timar inkluder ca. 30 min på toppen
Stigning: 1478 meter
Maks helling: 39%
Dagens dyr: Dagros, type belgisk biffbombe som blokka stien
Dagens mann: Geir - Formidlar av mat og gode historier

Turtips! Bruk meir av Breheimen, til dømes Sota Sæter. Mykje mindre folk enn på Lomstoppane og like fint.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person