World Wide Vikings - Turrapport


Turen til Håøya var bursdagspresang

Publisert 17.08.2013 kl 22:56 av bakken59

Tidspunkt: 17.08.2013

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Frogn, Akershus

Med på turen: bakken59, maritv

Eg gav Marit tur til Håøytoppen og lunsj i bursdagspresang i mars, og i dag: ein blank fin augustlaurdag realiserte vi turen. Køyretur til Drøbak, hurtigbåten kl 1240 til Håøya, brygga på nordøstsida av øya. Det kom som ei lita overrasking, vi trudde vi skulle gå inn til brygga rett vis a vis Oskarsborg. Men vi starta opp vegen, og tok dessverre den første vesle stigen til venstre for å gå opp og sudover øya. Så vi gjekk i terreng for det meste til vi kom inn på ein raudmerkt stig som gjekk på tvers av øya slik det såg ut. Den skar vi av igjen og heldt rett mot sør, der kom vi inn på stigen att og følgde den sudover. Vi gjekk forbi sjølve toppen for å finne ein lunsjstad med utsyn, og endte opp på berget ved den øvste bunkersen. der rigga vi oss til med duk, tapas, musserande og jordber. På veg tilbake skar vi opp til toppen som ikkje er varden, men eit berg med bolt rett opp til venstre for stigen då vi gjekk nordover att. Utruleg nok møtte vi tre ungdomar som rasta der oppe og hadde kome til øya med kano. Kommunetoppen var målet deira også. Heimover følgde vi rett og slett den raudmerkte stigen, og det burde vi ha gjort heile vegen, den var kjempefin, bar preg av å vere gamal holveg mange stader, og endte opp i den vesle bukta som skjer inn frå nordaust i den nordre delen av øya. Derifra var det berre å følgje vegen tvers over åsen tilbake til brygga. Vi gjekk raskt for å rekkje båten klokka 1610, og det gjorde vi med så god margin at v fekk tatt eit bad. 19 grader i vatnet? Deilig var det i alle fall, og sjølve Håøya var ein flott oppleving, litt urskogsaktig, og lett å tenkje at dette øya var ein flott bustad for steinaldersfolk for nokre tusen år sidan - og med landhevinga lagt inn som faktor i tidsreisa. Såg rådyrekskrement. Mykje flått på øya, så det passa fint å bade til slutt. Tom, Marit og Uncas var med.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person