Djupsnuten i Ål
Publisert 08.08.2013 kl 23:27 av Heia49
Tidspunkt: 26.07.2013
Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Ål, Buskerud
Med på turen: Heia49
Ta av frå Rv 7 ved Gullhagen - der vegen går til Bergsjøområdet. Følg fylkesvegen gjennom Votndalen, Leveld og Vats fram til Slakteplassen, Bergsjøkrysset. Følg så skiltet mot Djup /Iungsdalshytta. Du må betale på bomvegen, no kr. 70 pr privatbil. Det er ca 20 km til stølsgrenda Djup.
Parker bilen og ta fatt på stien som fører opp mot nuten. Du følgjer T-løypa til turistforeninga - retning Bjøberg/Bjordalsbu. Når du kjem opp til Veslebottjern, kryssar du bekken, går rundt tjernet og går opp mot nuten frå baksida. Her er ingen spesiell sti, så både kart og sans for å finne god retning er nyttig.
Nuten har to steinvardar, den høgaste har fått oppjustert høgde til 1493 moh. Både på denne toppen og den som ligg lenger frampå, er utsikten storslagen - både mot Hallingskarvet, heile Stolsvannsbassenget og inn Iungsdalen.
Du kan gjerne gå ned det bratte skaret mellom dei to toppane på Nuten. Det er bratt og steinete, men går veldig fint.
Denne turen tek ca 1 time opp og 1/2 time ned - med heilt vanleg tempo. Ta deg tid til ein god rast på toppen og nyt utsikten. Den er fantastisk!