World Wide Vikings - Turrapport


Prestholtskarvet - stein på stein!

Publisert 08.08.2013 kl 17:19 av Heia49
oppdatert 08.08.2013 kl 17:41

Tidspunkt: 11.08.2013

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Hol, Buskerud

Med på turen: Heia49

Start frå Prestholtseter der det er god parkeringsplass. Her er det også infotavler om Hallingskarvet nasjonalpark.
Turen er merka opp Prestholtskaret der skjerpaer frå Nepal har laga trappetrinn på trappetrinn. Svært mykje av vegen til topps mot skaret er steinlagt. Kanskje resten blir steinlagt nå i august? Det ligg store kvite plastsekkar med store stein som sikkert skal brukast.
Trappene opp mot toppen er lette å gå i. Vel oppe og forbi dei siste trapptrinna vender du mot venstre i retning av Prestholskarvet. Den fyrste delen, fram til snøen, er rødmerka. Etter snøfonna kan du følgje steinvardene som er sett opp. Det kan vere noko forvillande, for det er svært mange varder, og alle har ikkje kurs mot toppen. Eit kart er heilt nødvendig - og kompass!
Når retninga er klar, finn du varde etter varde etter kvart som du stegar fram i steinørkenen. Og på høgste punkt står det ein steinvarde (ikkje fint mura!) med ein høg stav på. På denne er det innrissa 1853. I følgje kartet er høgste punkt 1859 moh.
Utsikten - heilt frå Prestholtskaret og vidare oppover - er storslagen. Tidleg ser du Gaustatoppen, elles ser du vidt og langt. Frå høgaste punkt kan du også sjå Jotunheimen i det fjerne.
Vi tok same veg tilbake - til Prestholtskaret og ned til Prestholtsæter.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person