World Wide Vikings - Turrapport


Varm fin sundag i Åmli-heiane

Publisert 28.07.2013 kl 18:57 av bakken59

Tidspunkt: 21.07.2013

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Åmli, Aust-Agder

Med på turen: bakken59

Vi starta frå hytta og køyrde sudover ned langs Nisser og til Treungen og vidare mot Åmli. Tok av mot Gjøvdal og køyrde til det vesle skulehuset/bedehuset? etter Såheim. Biltermometeret viste 30 grader då vi starta sykkelturen. Sykla til der stigen tok av mot Grunnetjønnsbu. Følgde raudmerkt stig opp til stor myr, tok der opp til venstre og trefte eit bratt skard med tett granskog. greitt å gå til venstre for bekken. Då vi kom opp og kom over myrene slik at vi såg vatnet framfor oss, blei vi overraska for vi hadde lese kartet feil, og trudde vi hadde gått eit skard lengre nordaust. Men det var jo ikkje vanskeleg å ta seg inn att, så vi gjekk oppover så lenge det gjekk heilt til vi kom til varden på toppen. Nydeleg topp, godt med matpause og drikke. Bading i tjønna rett under toppen på veg ned, og det same i kulpen i elva før vi gjekk på syklane att. Ca fem timar inkludert to spisepauser, to bad, diverse hundebading og -drikking. Varmt å gå! Tom og Uncas var med. Heldt fram til Fyresdal der vi overnatta på Fyresdal bed and breakfast, og dagen etter hadde vi draumedag i jettegrytene i Nissedal. Kan sterkt anbefalast på slike dagar!






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person