World Wide Vikings - Turrapport


Både ausregn og vakker kveldssol

Publisert 12.11.2012 kl 15:56 av bakken59

Tidspunkt: 11.11.2012

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m, UZJglwlz 1m i Lardal/Larvik, Vestfold

Med på turen: bakken59, maritv

To turar planlagde denne dagen: Først bil frå Oslo til Svarstad. Så den LANGE grusvegen til Prestesetra. Derifrå vegen innover mot Pikstein i ausregn. Terrenget var også gjennomvått. Dumt vegval, vi klatra nærast opp den brattaste sida av Pikstein, kom inn over låge myrar og furuberg og fann greitt varden, så gjekk vi vidare og fann det berget med eit par småstein som vel er høgaste punktet, men kanskje i feil kommune? Vi gjekk ned på baksida, oransjemerka stig. Utruleg vått, men ein mykje betre veg ned enn opp. Kom då ned høgare opp i vegen. Moral: ikkja ta av til venstre før du ser dei to oransje plastbanda! Dei er det så berre å følgje til topps. Nista blei fortært i bilen med varmeapparatet på for fullt. Før vi kom til Bergan og fann Bergansløyfa som vi følgde heilt opp til bommen (som var open), var himmelen klarna og skydottane fauk opp langs bergesidene. Parkert lydige nede ved bommen, og gjekk oppover. Lura litt om vi skulle ta til venstre der det står Vind-fj.stien, men det skulle vi ikkje, tok rett av der det står Vettakollen (anna namn på Berganvarden...) og Huldrestien. Bratt klatretur heilt til topps. klar himmel og gullfarga solnedgang, flott sikt i alle retningar. Klokka var 1600, og før vi var nede ved bilen att var det tussmørkt. Berga der oppe var ganske sleipe av alt regnet tidlegare på dagen, så vi sette føtene forsiktig. Men verkeleg fin topp dette. Skreiv oss inn i boka på toppen. MArit som absolutt var med, blei sett på toget i Larvik, eg heldt fram mot Telemark.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person