World Wide Vikings - Turrapport


Gilde skåler og tinder av maur

Publisert 02.09.2012 kl 22:43 av Anders
oppdatert 04.09.2012 kl 07:49

Tidspunkt: 01.09.2012

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Gildeskål, Nordland

Med på turen: Anders, Løvstakken, mob, Sea

Memaurtinden
Høyde: 1332 m.o.h.
Dato erobret: 01.09.2012
Etter suksessen i fjor skulle fire karar på ny få bryne seg på den nord-norske fjellheim. Fleire var invitert, men når det kom til stykket var vi dei same fire som i fjor. Herlig!
Årets base vart lagt til Salten og vi overnatta på Heimsjyen på Inndyret (kommunesenteret i Gildeskål kommune). Vi vakna opp og viste att dette var goddagen vermessig. Etter herlig frukost og bunkring på den lokale Coop’en gjekk det rett til foten av Sokumsfjellet som fleire andre hadde brukt før oss. Vi starta med 1100 trappetrinn opp ei røyrgate for å få eit flott panorama på utbygga platå i fjellsida. I sørlige ende var det sti oppover mot aust og etter kvart nordover så vi kunne dra på vestsida av Lille Sokumvatnet. Det er fornuftig å halde høgda herfør ein kjem til ei sikringsbu kalla “Tåkeheimen” ved nordvestenden av vatnet. Vi stoppa her for ein rast.
Etter påfyll av mat og drikke gjekk det opp og ned og fram og attende på utfodrande bergparti mot Hattvatnan. Ikkje enkelt å finne god trasé her. Men vatna tok vi på grei kurs og passert på austsida av dei for å dra opp dalen i nordaustlegretning for sjølve tinden. Det er fabelaktig utsikt mot fjellmassivet på vegen opp og dalen er lett å finne. Mykje flott å kvile augene på av snø og stein inkludert utsikt til Træna og Verøy!
Siste bete der vi svinga opp i steinrøys/snøfonn mot mot toppen var bratt, men handterbar. Flotte høve for gode bilete her og etter ca. 4 timar var Memaurtinden vår. Herlig utsikt og god stemning så det gjekk vell ein ca. 20 minutt her.
Ned att i stabil snø er mitt element og det gjekk for seg i godt tempo. Lett skydekke og litt vind, men elles intet å klage på. Det vart ny runde på “Tåkeheimen” med mat og Sea stunta over bergparti for å bryne seg litt på veg til bilen. Ein hare sprang nedfjellsida ved “Røyrgata panorama”, elles såg me ikkje mykje dyr. Dog nokre ryper. Trappetrinna ned att gjekk greitt med litt varierande tempo på stega for å avlaste muskulaturen. Normalt er ledd og muskulatur mørna godt etter gode 8 timar på tur, men i dag var det betre enn frykta. Mob meinte det var grunna den flotte utsikten på vegen…
Vi endte vår ferd på Sundsfjord Motell med biffburger og brakkeliv til i morgon. Ein ok plass å overnatta, men ikkje noko meir for 600,- natta. Turen til høgste fjell i Gildeskål var derimot eit flott minne å verne om. For vermeldinga i morgon er ikkje god…


Tid opp: 4 timar
Tid ned: 4 timar
Lengde: Ca. 20 km
Dagens Dyr: Inndyret
Turtips! Må vere flott og ta som skitur type mai månad, ein sparar mykje tid på ukurrante bergformasjonar. For den ivrige kan ei overnatting på Tåkeheimen vere eit alternativ.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person