World Wide Vikings - Turrapport


Det blei tur likevel

Publisert 26.08.2012 kl 21:01 av bakken59
oppdatert 26.08.2012 kl 21:03

Tidspunkt: 26.08.2012

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Nedre Eiker, Buskerud

Med på turen: bakken59

Skulle ha vore fjellhelg dette, men måtte kaste inn handkledet; halvsjuk både fredag og laurdag. På sundag letta det, og vi leita fram ein tur som innebar ikkje for mykje køyring, og ikkje for mykje gåing. Valet blei Trettekollen i Nedre Eiker. Parkerte inne ved Solvang. Gjekk først feil, følgde dei blå pilene opp langs bekken. Skjønte raskt at det blei ein omveg og snudde tilbake til Solvang. Derifrå gjekk det greitt langs Grunntjern. I løypekrysset fann vi blåmalt pil der stigen kryssa bekken, i ettertid trur vi det hadde lønt seg å gå rett fram her og rundt Lelangen på nordsida. I staden gjekk vi til sørenden av Lelangen og byrja deretter å klatre opp åsen mot vest. Hogstfelt, masse dyretråkk og nokre greie drag på nutar og myr. Kom ned til kraftlinja og heldt rett opp mot høgste toppen. Trasig å gå i gamalt hogstfelt her. Gjekk rett på toppen med ein stein som markerte toppunktet. Etter niste gjekk vi ned til mobilmasta og så ned til den anleggsvegen som følgjer kraftlinja. Lettare å gå her. Ned til vegen i nord av Lelangen og så stigen sørover på austsida av vatnet. Møtte tredje hoggorm i år, og åt mogne markjordber, tytteber, bringeber og blåber på same tur. Kantarellen tok vi med oss heim.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person