World Wide Vikings - Turrapport


Ein finfin joggetopp.

Publisert 24.06.2012 kl 19:31 av Anders

Tidspunkt: 20.06.2012

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Evje og Hornnes, Aust-Agder

Med på turen: Anders

Ein fin jobbdag i Lillesand var krone med vakker kommunetopp i Setesdalen.
Eg køyrde via Birkeland og Dåsnes før beina stod godt planta i Evje og Hornnes sitt midtpunkt, Espelid. Det var greitt å finne uryddig grusveg sjølv med dårlig skilting og bommen stod og venta. Artig å betale 50,- i ein konvolutt og sjekke at det berre var å forsyne seg for den som ville det.
Etter humpete grusveg og sauar som ikkje ville av vegen kom ein stakkar om sider fram til Koland og Gyvatnet. Grunna manko på joggetur dagen før var det i forkant avklart at dette skulle vere ein joggetur. Skoa runda vatnet i nordvest og det var fint å ligge bortover her blant greie tråkk og mudra sandstrand. Eg drog ikkje oppover før kommunegrensa og satt kursen sørvestover for å komme kjapt opp over ormeblad og uryddig botn. Det gjekk greitt, men litt styr vart det.
Vel oppe var det greitt å ligge nesten rett syd der Midstrandnuten var grei å sjå i horisonten. Litt klatring rundt toppunktet, men berre den kjekke sorten. Det var krona med magisk utsikt i alle himmelretningar.
Ned att kursa eg litt meir nordvest for å komme ned Sindrebudalen. Ein stor elgkalv sto og gressa i eit skar og eg spanderte 5 minutt til å sjå og liste med fram mot den. Etter kvart var eg på myra ved dalen og det var krem å følgje elva ned att mot Sindrebuøygard og Gamlebuodden. Klar anbefaling om å ta denne vegen opp att også; Passer elva og sett deretter kursen rett sørover opp myrene når du skal opp.
Avslutta turen med iskaldt bad og kursen mot Ljosland Fjellstove for heimelaga pizza og førebuing til joggetopp a la Åseral dagen etter. Her vart det også dikt inspirert av diverse tråkk ned mot Gyvatn:

Eitt tråkk er eit tråkk
korkje meir eller mindre.
La deg gjerne geleide
men aldri forblinde.

Nei, dei som må styre
er sansar og sinn,
eit heva blikk
og takfaste trinn.

For kven som har tråkka
er vrient å spå;
Er det kronhjort,
ein ringrev
eller mannen med ljå?


Dagens dyr: Elg(kalv)

Tid opp: 38 min
Tid ned: 32 min

Turtips: Perfekt for mai/juni utan mygg og klegg, og dette er ingen skitopp.








Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person