World Wide Vikings - Turrapport


The Day of the Picles

Publisert 21.06.2012 kl 23:57 av Anders

Tidspunkt: 21.06.2012

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Åseral, Vest-Agder

Med på turen: Anders

Dagen starta med sylteagurk og leverpostei etter å ha vakna av hokuslift utanfor vidauget på Ljosland Fjellstove (eg trudde det var tyskarane som kom...). Heimerøra jordbær og ein avsidesliggjande atmosfære (tross tv og internett) på fjellstova, varme anbefalingar.
Då eg skulle ned på Jæren og ha møte med kunde var det rett til Farevatn og start på turen til Skore. Parkerte på stor P-plass, var ikkje ein kjeft her. Ønskje var å lage ein trekant Farevatn - Lakkenstova - Skore - Farevatn, men tid og veg gav ikkje høgde for krumspring. Så på med joggetøy og solbriller og av gårde - Kåre i 15 grader og sol kl. 0920. Klokka klikka, men fekk kontroll ved hjelp av kart og tommelkompass oppover på god og tørr sti.
5 km seinare stod eg på toppen etter å ha tatt av frå høgste punkt på stien og satt kurs rett vest mot toppen. Du treng ikkje finne sti her, det er lett terreng å røre seg i. Kjempe utsikt og "bommulsskyar" i alle retningar. Eit lite vinddrag så tok på meir klede før nedturen. Her var det litt snøtungar, men elles berre å danse nedover på stein og sti og tømmer. Ro og fred og avslapping i naturen har sin sjarme, men det har også rørsle og sveving gjennom terrenget som ein hjort i dirrande brunst!
Rusa på fjell var det ned å få seg ein dusj på Ljosland, betale for seg og køyre den lange vegen til Jæren via Tonstad. Her vart det lunsj på bakeriet med grov baguette, roastbeef og godt med sylteagurk.

Tid opp: 51 minutt (lett jogg)
Tid ned: 33 minutt (mellomhard jogg)

Dagens dyr: Ein pitte liten harepus i vegkrysset 50 meter frå Fjellstova. Kun vore ein fin tøffel.

Turtips! Leng inn ei overnatting her oppe på Ljosland eller Lakkenstova. Lag ein trekant for å få meir ut av turen.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person