World Wide Vikings - Turrapport


God timing, men kor svarte er solkremen ?!?

Publisert 16.06.2012 kl 00:27 av Anders
oppdatert 16.06.2012 kl 00:28

Tidspunkt: 08.06.2012

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Stjørdal, Nord-Trøndelag

Med på turen: Anders

Etter overnatting på sjølvaste Gullberget Camping (med straum og nettverk og svart kaffi om ein tryglar eigaren til 350,- natta) og nokre timar med jobbing var det dags for dagens tur før Morten kom til Værnes seinare på kvelden.
Eg køyrde heilt inn til Sildra med stor parkeringsplass og mykje folk klar for helgekos på hytto. Planen var eigentleg å starte litt før parkeringsplassen på merka DNT - sti mot Schultzhytta, men den fann eg ikkje starten på, og det var heller ikkje naudsynt.
To lokale sa dei hadde tatt grusstien inn til Ytre Sonvatnet og gått opp frå der, men eg tolka myrane som tørre og myggen som framleis i dvale så ville gå rett på kurs. Eg gjekk derfor over brua, ca. 100 meter etter denne på tynn sti til høgre (sørover).
Dette var eit godt val, det er fult mogleg å følgje denne stien godt oppover lia. Når eg mista den var det å dra opp sida søraust i underkant av Sunndalshøgda og runde her. No problemo og snøpølser det stor sett var mogleg å gå utanom. Eg fekk meg ei stor overrasking når eg forstod kva som var høgste toppen; Her var det jo minst snø! Men det var jo bonus slik snøen var no (småråten og meget fuktig) så labba av gårde og opp eit trugespor siste beten mot toppen.
Nøyt sola og utsikten her oppe, mens huden kokte... Spesielt sørover var det nydelig mot Skarvan. Såg mot Sylan og langt inn i søta brors lende.
Nedover snørennene gjekk det fortare og med god demping for stiv rygg. Eit paddeparti måtte forevigast på kamera, men elles gjekk turen ned utan store stopp. Kom ned med flotte raude roser rett under augo og leggar som kunne gå for roastbeef. Nydelig tur, trur nok dette er ein magisk skitopp.

Tid: 5 timar t/r inkludert god toppause, fotopausar og god fart ned att.
Dagens dyr: 2 reinsdyrbukkar som løp i kringdans rundt meg eitt par gongar mens eg gjekk mot toppen. Nysgjerrige som få!
Turtips! Starten av juni er før mygg og klegg er på plass. Trur det må vere særs plagsomt over myrane i juli...






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person