World Wide Vikings - Turrapport


Flott rundtur

Publisert 22.04.2012 kl 22:38 av hansn
oppdatert 12.05.2012 kl 22:11

Tidspunkt: 31.03.2012

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Røyken, Buskerud

Med på turen: hansn

Har ei god stund utsatt denne toppen då eg ikkje hadde store forventningar og mest såg det som eit pliktløp for å få krysset i toppsamlinga. På veg heim frå strafferunde til Seteråsen i Svelvik (hadde ikkje fått med meg sjølv på bilde og mangla dermed "bevis" frå første tur) følte eg behov for å få ein ny topp i samlinga. Villingstadåsen låg lageleg til og endeleg klart for bestigning av denne toppen som ligg i nabokommunen min.

Utgangspunkt: Parkerte i dumpa før Haug gard (Haugsveien). Her er det skilta så det ikkje er til å misforstå at ein ikkje bør prøva å parkera lengre oppe i vegen.

Vegbeskrivelse: Oppe ved garden tok eg grusvegen på høgre sida av låven. Oppe på gardsplassen var det ei ilter bikkje som gneldra på seg halsbetennelse i sin iver over å varsla bonden om at det var ein inntrengjar på veg over garden. Iltre gardsbikkjer likar eg lite, men likte denne mykje betre straks eg fekk konkludert med at den var i band og at dette bandet ikkje på nokon måte ville rekka ned dit eg var.

Grusvegen vidare går forbi hogstfelt opp til Plassen. Her tok det av ein traktorveg opp til høgre like før sjølve Plassen. Oppover her var det flott å gå, ganske tørt med mykje lyng og stein. Vegen gjekk absolutt ikkje rett mot toppen, men etterkvart kom det eit vegdele der eg tok til venstre og GPSen vart då betre stemt over at det vart framdrift i nedtellinga av avstand til toppen.

Etterkvart vart vegen/tråkket dårlegare og slutta heilt ved nokre bratte sva omlag 550 meter luftlinje aust for toppen. To orrfuglar vart skremt opp med bare nokre minutts mellomrom her. Vidare mot toppen gjekk det dels på dyretråkk men her var det enkelt å gå i ganske åpen skog så det er bare å sikta inn himmelretninga og traska i veg.

Passerte den vesle hytta og kort etter var toppen nådd. Ein orrfugl hadde inntatt toppen før meg og sat der då eg kom opp. Dette var eg absolutt ikkje budd på og det vart intens fomling for å få kamera opp av jakkelomma. Innan kamera var oppe var fuglen alt nede ved dei to andre eg hadde sett og sat vel der og lo av meg; "Tenk, jeg satt flere sekunder ekstra så han skulle få tatt bilde av meg men det greide han jammen ikke - han var nok helt sprengt etter å ha gått opp på denne enorme toppen..".

Sjølve toppen er heller susseleg markert, kun eit par små jernboltar. Men utsikta til Drammen er flott. Og like ved ligg ein lokal versjon av Stonehenge. Fleire svært store steinar ligg nesten i ring. Naturen har definitivt plassert dei der på eiga hand. Eit underleg og artig skue.

Heimvegen gjekk på skogsvegen som startar nedanfor den vesle hytta. Haldt venstre der det var alternativ. På vegen såg eg både rådyr og elg. Fyrste gang er ser elg medan eg er på kommunetopptur (om ein ser bort frå alle ein ser frå bil langs vegen). Kom tilbake til idylliske Plassen og tok grusvegen ned att til bilen. Orrfuglar, rådyr, elg, blåveis, vårsildrande bekkar. Ein flott tur var det.

7 km tur/retur (vegen opp vart noko lengre enn valget ned).






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person