World Wide Vikings - Turrapport


Betre enn eg hadde venta

Publisert 14.04.2012 kl 22:11 av hansn
oppdatert 17.07.2012 kl 19:08

Tidspunkt: 14.04.2012

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Fet, Akershus

Med på turen: hansn

Hadde tid til ein kort topp ikkje for langt heimefrå og toppen "Røysekollen, sør vest for" vart formiddagens turmål. Det er nok ikkje det mest motiverande for ein topptur når toppen ikkje ein gang har sitt eige navn men blir relatert i forhold til ein annan topp. Etter å ha studert kartet såg eg sågar at det finnest to Røysekollar her, begge har sitt topp-punkt i Aurskog Høland. Den høgaste strekk seg opp til 379 moh og ligg omlag ein kilometer nordaust for Fet sitt topp-punkt. Fet sitt topp-punkt er ei lita høgde i det sørvestlege hjørnet av veslebror Røysekollen som litt nord for Fet-toppen rundar 350 moh.

Vel, bilen vart parkert der mange andre toppsamlarar har parkert, nemleg ved informasjonsskiltet for Akershus på Midtskog på vei 169 (mellom Fetsund og Løken). Rusla eit par hundre meter vestover langs vegen og tok inn på grusvegen som går nordover mellom husa på andre sida av vegen enn parkeringa.

Vegen går innover Bjørndalen. Eit stykke inn var det eit uleseleg skilt og blå band innover i skogen på høgre sida. Vurderte om dette kunne vera ein sti mot toppen, men fann den ikkje på kartet, kunne ikkje hugsa å ha lest om den i nokon av turrapportane og kunne ikkje sjå at det var noko etablert sti der. Så eg lot banda gå inn i skogen aleine og fortsatte min tur langs grusvegen innover.

Etterkvart smalnar dalen og eit kort stykke heng berget ut over vegen på venstre sida. Berga oppe på venstre sida her er nevnt som Festningen på kartet og dei såg ut til å leva opp til navnet.

Nokre hundre meter etterpå (to hundre meter før kommunegrensa mot Aurskog Høland) går det ein skral og blaut skogsveg opp mot aust (toppen er då nesten rett aust). Her er det også blå band ved vegen. Oppover skogsvegen, glad for at eg gjekk i støvlar, og etterkvart vidare oppover hogstfeltet etter at skogsvegen ga seg. På hogstfeltet fann eg dei blå banda igjen, i stort monn. Inn på sti i øvre enden av hogstfeltet. Herfrå kun eit par hundre meter i luftlinje til toppen. Stien var lett å fylgja. Nær toppen passerer stien i eit lite skar med Fet sin topp oppe til venstre. I det den merka stien startar å gå litt nedover (her var eit stort tre velta over stien, og banda skifta til raudt) gjekk eg opp til venstre på sti/dyretråkk og fann lett steinane som er satt opp på toppen. Noko utsikt mot aust og nord frå toppen, men ein går ikkje opp hit for utsikta si skuld. Ein tiur som dundra gjennom skogen, og eit par svanar som trompeterte ivrig då dei flaug lågt over toppen ga den korte turen nokre ekstra pluss.

Litt over 6 kilometer tur/retur.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person