World Wide Vikings - Turrapport


Fjellvettregel nr 10: Ta kjentfolk med på turen

Publisert 08.04.2012 kl 23:38 av hansn
oppdatert 27.04.2012 kl 17:51

Tidspunkt: 08.04.2012

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Åsnes, Hedmark

Med på turen: hansn

Eg starta dagen med besøk hos min gode ven Eivind som driv gard på Finnskogen. Moro å vera med han på befaring i skogen. Kjekt å læra om ting ein ikkje kan så mykje om, og skogsdrift er absolutt ikkje mitt fagfelt.

Utgangspunkt:
Saman med Eivind og to andre lokale la vi i veg mot Elgklinten langs veg 206 forbi Vermundsjøen til svenskegrensa. Rett før grensa tok vi til høgre sørover på veg 459. Ca 6 km til Peistorpet. Inn på grusveg til venstre her. Meiner det var merka på treskilt med Finnskogleden og Furubekken. Sidan eg bare var passasjer og hadde inntatt turistrolla så fekk eg ikkje med meg om det reelt er bompengar her slik det er indikert på kartet. Åpenbart gjaldt eventuelle bompengar ikkje for lokalbefolkninga..
Vi køyrde rett fram på denne grusvegen (haldt høgre i vegdeler) heilt til snøen tok oss og vi parkerte på stor snuplass eit stykke før bommen (som var stengt).

Vegbeskrivelse:
Vidare til fots langs vegen på hard skare. Sjølv ein tungvektar som meg gjekk greit oppå utan å trø gjennom. Etter bommen haldt vi til venstre i vegdeler. Vegen går forbi jakthyttene ved Furubekken. Uendeleg langt fra det ein kanskje forbind med det litt herskapelege begrepet jakthytte ellers. Sjuskete og forfalle – godt det er gøymt vekk langt inni skauen.

Vegen går så og sei heilt fram til grensegata nord for toppen. Derfrå er det merka sti (Finnskogleden) i grensegata heilt til topps. Rett så bratt i den siste kneika opp mot toppen, og til fots på knallhard skare var det viktig å trampa seg godt feste oppover.

Strålande utsikt i alle retningar frå toppen ( i alle fall om ein bevegar seg litt rundt for å få fri sikt. Artig å sjå langt nord og sør i den snorrette grensegata. Sola varma og det var skikkeleg påskestemning, noko som passa heilt utmerka sidan det var påskedag.

Toppmarkeringa/varden er spesiell og inviterer til å klatrast opp i. For øvrig bok på toppen og informasjonskilt om at toppen vart brukt av lokalbefolkninga under krigen for å møta svenskane for utveksling av varer.

På heimveg gjekk vi i ganske rett linje frå toppen til Furubekken. Her var det sporadisk merka med band men ifylgje turfølget mitt ikkje etablert sti. Det var eit par ivrige som gjekk denne vegen ofte som hengde opp nokre nye merker for kvar tur. Slikt blir det ny sti av. Flott åpen skog å gå i her (men vi gjekk altså på hard skare så eg veit ikkje korleis det er der utan snø).

Undervegs fann vi også store mengder blod og mykje pels frå elg, men vi fann ikkje noko kadaver. Hundane (jakthundar) som var med drog heftig i bandet for å begi seg ut på sporing. Men turen gjekk heller tilbake til bilen. Eg var svært fornøgd med at vi kanskje hadde sett staden kor ein ulv eller tre hadde forsynt seg av naturens matfat. Vi var ellers einige om å ikkje ta ein større debatt om ulv eller ikkje ulv – eg aleine mot tre velvaksne Finnskogsbønder og to glefsande jakthundar var noko skeivt parti :-)

Eivind og eg har snakka om å ta denne turen lenge. Då vi endeleg tok den kunne ikkje vær og føre vore betre. At vi i tillegg fekk guiding av lokalkjende som kjende skogen her som si eiga bukselomme gjorde det til ein strålande dag på Finnskogen.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person