World Wide Vikings - Turrapport


Vassa i snø til topps

Publisert 17.03.2012 kl 22:10 av hansn
oppdatert 27.04.2012 kl 22:39

Tidspunkt: 17.03.2012

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Ramnes/Re, Vestfold

Med på turen: hansn

I det varme marsværet, og vurdert ut frå snøsmeltinga i Oslo-marka så hadde eg venta ein tur til Snippane med bare litt snø øverst mot toppen. Får merka det av i boka som ei solid feilvurdering. Det innsåg eg for så vidt alt då eg parkerte og var klar for turen, det var klink is i vegen og godt med snø heilt frå parkeringa, men sidan det ikkje akkurat er snakk om nokon dagstur opp til toppen så lot eg det stå til.

Utgangspunkt: Parkerte som mange andre ved Engeroa, ved bommen nokre hundre meter aust for Damtjønn. Her er det plass til ein bil utanfor bommen utan å sperra vegen.

Vegbeskrivelse: Fulgte skogsvegen oppover. For anledningen var dette meir ein skøytebane i starten, for så å gå over til meir og meir rotten snø som var tung å vassa i. Men været var fint, gleda over ny topptur var stor og det var ikkje så alt for lenge til sola hadde tenkt seg til sengs så det var ikkje noko tid å mista oppover. Eitt vegskille, der haldt eg til høgre.

Kort etter at vegen svingar austover så var det skilta til høgre mot Snippane. Om dette var ein sti eller ein traktorveg veit eg ikkje, snøen rakk til midt på låra og det blei tungt nok i dei bratte stigningane oppover. Fantaserte litt om at eg skulle hatt med akebrett til returen.

Der denne stien/skogsvegen tek ei sløyfe mot høgre (vestover) og går vidare opp til hytta nær toppen valde eg heller å gå ganske så rett mot toppen, langs bekken gjennom skogen. Her var det mindre snø. Nær toppen, i dalsøkket mellom Kirjulen og Snippane vart det enno meir snø. Tråkka gjennom til opp på låra på nesten kvart steg. Det blei ein tyngre tur enn eg hadde forestilt meg. men det var nok badevekta heime bare glad for. Men nærare toppen hadde sol og vind teke betre og det vart mindre snø og veldig mykje betre å gå.

Og vips, 400 høgdemeter er bare 400 høgdemeter og der hang boksen på toppen. Litt utsikt var det også, primært mot sør og sørvest.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person