World Wide Vikings - Turrapport


Strålande vårdag i Taraldrudåsen

Publisert 03.03.2012 kl 19:39 av hansn
oppdatert 25.04.2012 kl 19:14

Tidspunkt: 03.03.2012

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Skiptvedt, Østfold

Med på turen: hansn

Det var så vidt blitt mars men det skulle ein nesten ikkje tru - snøen var så godt som heilt vekke og vårsola varma godt. Deilig å traska i veg i skogane i Østfold ein slik laurdag.

Utgangspunkt: Like nordvest for Svinndal, ved Fosseberget, tok eg nordover på veg 281. Etter eit par kilometer sto det skilt på høgre sida mot Tveiteråsen. Inn på grusvegen, deretter til høgre i første kryss og så grusvegen fram til bommen (som ligg til venstre i eit vegdele). Plass til å parkera ved bommen.

Vegbeskrivelse: Heller keisame dryge 4 kilometer langs vegen opp til hyttefeltet. Eit stykke inn i hyttefeltet står det skilt på høgre sida. Hugsar ikkje heilt kva det sto på skiltet, men trur kanskje det to "branntårn". Herfrå på sti ganske rett vestover, først ned i ein liten dal og deretter opp til toppen av Taraldrudåsen. Gammalt branntårn på toppen. Først litt skuffa då eg såg at nederste del av stigen var fjerna, men etter å ha rista lett i tårnet slo eg definitivt frå meg å klatra opp til der stigen starta og var nøgd med at stigen var borte og at eg slapp å føla meg som ein feiging som ikkje gjekk til topps. Trur ikkje dette tårnet står så mange åra til før det bles overende. Utsikt frå toppen? Nope!

Vidare gjekk turen mot kommunetoppen i Skiptvedt. Ein av desse som ikkje har eit eige navn. Forventninga var deretter :-)

Frå Taraldrudsåsen gjekk eg vidare på stien mot vest. Forbi ei lita hytta i nordenden av Mortetjern. Denne såg ut til å halda omlag same standard som branntårnet.

Mortetjernet haldt vårkonsert denne dagen. Makan til klukking, knekking og knirking i is som det eg fekk oppleva ved dette vesle tjernet har eg aldri vore borti. Medan eg sto og såg og lytta drønna det skikkeleg og isen fekk ei ny lang sprekke på tvers av vatnet. Artig så lenge ein er på land og ikkje utpå vatnet.

Vidare valde eg raud sti i stidelet i nordaustlege hjørnet av vatnet (mot Lundetjern). Fulgte denne stien frem til der stien knekk 90 grader mot venstre og det samstundes kjem eit ATV-spor som fylgjer stien austover. Der gjekk eg i staden rett fram inn i skogen og gjekk på GPS til toppen. GPS er ein fordel her for det er ikkje akkurat ein topp du ser på avstand dette. Toppmarkeringa er heilt minimal med eit par steinar som eg forstår er satt opp av andre toppsamlarar her på wwv.

Like ved toppen skremde eg opp ein tiur som gjorde sitt besta for å skrema på meg hjartestopp ved å sitta og trykka til eg var svært nære. Han blei sikkert redd meg men eg skvatt så pulsen gjekk nesten til maks.

Frå toppen tok eg sikte ganske rett mot Mortevatn. Etter kort tid kom eg over blå merker som gjekk i rett retning. Fulgte desse (utan sti) ned til Mortevatn og opp igjen til stidelet i nordaustleg hjørne av vatnet. Derifrå tilbake via Taraldrudåsen og hyttefeltet.

Totalt blei det omlag 14 kilometer med vårstemning.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person