World Wide Vikings - Turrapport


Mutters aleine i Winter Wonderland

Publisert 20.02.2012 kl 11:12 av hansn
oppdatert 03.06.2012 kl 21:37

Tidspunkt: 18.02.2012

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Bærum, Akershus

Med på turen: hansn

Etter å ha vore på tur i området her mange ganger (har budd i Asker og Bærum i mange år) så var det på tide å besøka Vidvangshøgda.

Utgangspunkt: Eg parkerte på den store parkeringsplassen inners i Lommedalen ved Tobonn. Flokken av tyske SUVar hadde trekt oppover til Hemsedal og Trysil ettersom det var skulens vinterferie. Marka nesten for seg sjølv, nesten fritt for middelaldrande menn i kondomdress med slev på haka og Birkenmerke i blikket.. Fryd og gammen!

Vegbeskrivelse: Eg fulgte vegen frå parkeringsplassen bratt opp gjennom Haukedalen til Rognlivann sør for Kampen. Tok ikkje av til Kampen, men tok til venstre ved første skilt mot Vidvangshøgda. Her var det ikkje preparert spor, men det var oppgått spor og rikeleg med snø så det virka som eit godt alternativ der og då. Etterkvart vart sporet dårlegare og det var ganske tett vegetasjon til tider og dermed vanskeleg å få skia ut i fiskebein. Men med fellene på trampa eg meg oppover gjennom det reinaste winter wonderland. Kom inn på den preparerte løypa noko sør for Vidvangshøgda. Fulgte denne til eg var like under toppen. Derfrå kaving i snøen oppover til toppen. Skia bar ikkje i den lause snøen så det blei ein strevsom tur opp. Utsikten hadde pakka seg inn i skodde så den får eg nyta ein annan gang.

Frå toppen gjekk turen langs preparerte løyper til Sørkedalen. Ikkje akkurat der eg hadde bilen, men fin tur blei det.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person