World Wide Vikings - Turrapport


Julaftan på tomtegubbejakt

Publisert 24.12.2011 kl 23:50 av hansn
oppdatert 26.04.2012 kl 23:08

Tidspunkt: Desember 2011

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Hobøl, Østfold

Med på turen: hansn

Alle julegåver var i boks og det var fleire timar til eg skulle avgarde for å feira julekveld hos x og barn. Eg bestemte meg for å dra på jakt etter tomtegubben som eg rekna med haldt til i skogane rundt Tomter (ok, billeg ordspel her). Med Jussi Bjørligs fantastiske O helga natt på repeat la eg ut på tomtegubbejakt.

Utgangspunkt: Parkerte ved informasjonsskiltet ved sørenden av Mjørsjøen, like sør for kommune- og fylkesgrensa.

Vegbeskrivelse: Eg kryssa over jordet og opp til skogsbilvegen. Fulgte denne innover og var veldig klar over at eg skulle følgja denne inn forbi hytta og ta av oppover i skogen mot toppen. Men av ein eller annan grunn la eg i veg opp i skogen alt for tidleg. Innsåg at dette blei feil men tenkte at det ikkje kunne vera verre enn å gå opp på ryggen og så ta kompasskurs mot toppen. Eg må slutta med sånne tankar!

Kom opp omlag ved topp 238 og la i veg mot nytt kryss i toppsamlinga. No var det dei tre tenorane som gjorde sitt for å byggja opp julestemninga gjennom øyreproppane, og eg var sikkert eit underleg skue der eg gjekk gjennom skogen og stemte godt i på italienske julesangar som eg absolutt ikkje kunne. Kan ikkje språket i det heile for så vidt.

Lett kuppert terreng her. Knallhard skare. Auka tempoet litt då eg som vanleg innsåg at tidsberekning ikkje er mi sterkaste sida og julemiddagen er ikkje det ein vil komma for seint til. I lett jogg ned ein skråning var det plutseleg ikkje så hard skare - høgre foten gjekk rett gjennom. At det var vondt og ga eit kutt i leggen var forsåvidt greit, eg er utstyrt med under middels balanse og har ikkje tal på antall ganger eg har fått meg nokre småvelt på tur. Det som ga litt dårlegare stemning her var at foten sat heilt bom fast.Kilt fast mellom ein stein og ei rot. Å bli ståande her på Høgbråten gjennom julekvelden var ikkje veldig freistande. Bixit turkjeks i staden for deilig pinnakjøt... Etter mykje lirking fekk eg lirka av skoen og kom meg laus. God stemning igjen! Sølvgutane stemte no i for full hals!

Var innom både det som på kartet er merka som 280 og 281, noko som er interessant sidan toppen her på wwv er 278 :-) Toppen kallast også Elgmyråsen. Liten "varde".

Eg gjorde vel litt som han som ifylgje DDE køyrde E6 - satsa på at UP hadd avspasert i kveld... Rakk julakvelden med ikkje meir enn det må vera margin, men det er jo nok. Strålande ungar på julakvelden, x sin fantastiske julamat og eit kryss til i toppsamlinga. Makan til kinderegg!

Men om tomtegubben bur i Tomter så gøymer han seg godt. Eller kanskje han alt var ute på oppdrag... :-)






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person