World Wide Vikings - Turrapport


Så var det fjellvettreglane då...

Publisert 03.09.2011 kl 22:55 av hansn
oppdatert 18.03.2012 kl 11:39

Tidspunkt: August 2011

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Stokke, Vestfold

Med på turen: hansn

Lytt til erfarne fjellfolk er vel noko av det vi innprentast med - eg lovar herved å lytta veldig godt neste gang... Skjønt dette er vel ikkje akkurat fjell..

Utgangspunkt:
Kom langs Andebuveien, tok til venstre inn på veg 307 Høyjordveien og fulgte denne til eg tok opp til høgre på Skatvedtveien. Her har fleire gitt bra beskrivelse av kor ein bør parkera, blant anna Ole-Petter med GPS-posisjon for både parkering og overgang frå skogsveg til sti. Eg hadde pønska ut at det kunne vera fint å prøva eit anna alternativ, nemleg å ta første veg til venstre igjen litt oppi skråninga, og så halde oppover til høgre opp til bom. La det vera sagt først som sist, dette var ikkje ein av mine betre vurderingar!

Vegbeskrivelse:
Fulgte den grusa skogsvegen nord-/nordaustover opp forbi bommen, under høgspenten og opp til ei gammel campingvogn som truleg fungerte som varmestove for skogsarbeid. Herfrå fulgte eg ein gamal nedgrodd skogsveg i retning meir rett mot toppen (austover). Denne forsvant imidlertid på eit hogstfelt og eg måtte fortsetta i heller uframkommeleg terreng i tett kratt. I vest var himmelen mørk og eg kunne godt tenka meg å nå opp og ned igjen til bilen før Tor satte igang med hammaren sin så eg ga blaffen i det normalt fornuftige rådet om at det ikkje er noko skam å snu.

Det minna i perioder meir om slosskamp med kratt og trær enn topptur, men etterkvart kom eg til ein kryssande gammal sti/kjerrevei. Denne var totalt gjengrodd av 2-3 meter høge trær men eg bestemte meg for å følgje denne sørover (mot høgre) i håp om å treffe på den av mange anbefalte skogsvegen opp frå Skatvedt. Og nokre titalls blodige risp på leggar og armar seinere vart eg sjeldent glad for å sjå ein fint opparbeida skogsveg. Fulgte denne vidare sørover under høgspenten, og tok opp til venstre på fin sti/skiløype. Fulgte denne utan å ta inn i hogstfeltet, heilt fram til stioversikten ved Boka. Herfra nordover igjen på tydelig sti nokre hundre meter og deretter til høgre og rett opp mot toppen. Såg først ingen sti her men kom inn på den litt oppe i skråninga på venstre side av høgspentfeltet.

På toppen er det skilt og boks med bok. Boksen er festa på den eine masta og ikkje på det høgaste punktet.

Ned igjen raskaste vei. 5 minuttar frå bilen braut det ut eit voldsomt tordenvær med styrtregn. Men eg hadde ein kommunetopp til i sekken og var fornøyd.

GPS ved toppen: 32 v 0569161 6577117






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person