World Wide Vikings - Turrapport


Langflott tur, tung snø, for lita tid på toppen

Publisert 07.07.2011 kl 18:34 av Anders

Tidspunkt: Juli 2011

Topper besteget på turen: UZJglwlz 1m i Modalen, Hordaland

Med på turen: Anders, Jarle, Løvstakken

Runderabben, 1292moh
Modalen kommune, Hordaland

02.07.2011
Det var spenning i kroppen etter ei veke i nord, var det framleis kjekt i Vestlandsfjella? Så denne helga bar det opp til Stølsvatnet frå Bergen. Det var ymse navigering der grusevegen starta og inga mobildekning så vi kom av garde 2 timar etter planen. Det gjorde ikkje så mykje midt på sommaren.
Stien til Solrenningen var fuktig som få, men dekka med gamle jernbanesviller og anna plank. Fleire av oss gjekk på trynet på dei glatte plankane, men ingen varige mén. Turen i rolig tempo tok 2 timar så vi kom fram i rimeleg kristen tid. Her var det nesten fullt hus, men vi fekk ein hems med 8 senger , ein til kvar av oss; PERFEKT.
Neste morgon bar det oppover skråninga på DNT – merka sti til Norddalshytta. Stien går nemlig rett under foten av sjølve rabben så planen var å pile opp der under ein rast for resten. Det var delvis krevjande snø og ulik erfaring med lange fjellturar så vi bruke heile 4 timar til vi satt oss ned ved vatnet sør for rabben (vest for høgde 1203). Ei idyllisk elv rann her og fleire satt pris på ein kvil i sol og 20 grader, mens 5 av oss kasta ryggsekken og strauk til fjells som blodtørste toppkjøtarar. Utan tung sekk gjekk turen opp på null komma svisj og bikkjene fekk sitt ”bein” 15-20 minutt seinare. Framifrå utsikt og temperatur, men fleire var uroleg for sine einsame partnarar og satt kursen ned att altfor kjapt. Her var det berre å springe/renne på snøtungar ned att.
Siste bete gjekk i kant av høgde 1247 og ei hestesko ned til hytta. Vi fekk i etterkant vete at det er ein eldre, merka sti direkte ned til hytta, men den bør berre verte brukt om det er tørt og fint. Ein sparar ein god del tid på dette, men er enklare å finne frå Norddalshytta og oppover (nordaust for sjølve hytta).
Turen ned Norddalen på sundagen vart eit minihelvete for enkelte då tåke, vatn og stein-på-steinrøys gjorde høva krevjande. Spør du meg burde aldri denne stien vore merka, den er ikkje DNT – standard verdig. Tjuvhelleren vekte dog gode minner frå fordums tid. Vi brukte gode 5 timar ned dalen.

Tid: 4 timar frå Solrenningen + 2 timar til Norddalshytta

Turtips! Om du vil gå denne runden, gå andre vegen eller ned frå Norddalshytta opp att på ”platået” og ned frå Åsabotnvatnet til demninga. Dermed styrer du unna å gå ned stygge Norddalen.






Annonsere her 980 x 100 px
Brukernavn:

Passord:

Bekreft passord:

E-post:

Registrer ny tur

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Dato:

Topper besteget:

Med på turen:

Overskrift:

Turrapport:

Endre turrapport

Registrer ny topp (i Norge)

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

Fylke/kommune:
  

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Endre opplysninger om topp

Navn på topp:

Høyde (m.o.h.):

Primærfaktor:
  (fyll ut primærfaktor dersom du kjenner den)

GPS koor. (UTM):
Sone: 
  Nord: 
  Øst: 

Last opp bilde

 
Tur i Norge    Tur i utlandet

Velg bilde:

Dato bildet er tatt:

Bildetekst:

Søk i alle norske topper

Søk etter person