Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Trondheim
Sør-Trøndelag
Flott bymark, fin sti
(Skrevet av Anders 16.08.2010)

Tur foretatt: August 2010.

Litt i overkant med orienteringsko og tøy her. Kunne nok greidd oss naken og med joggesko for veret var fantastisk flott og stiane var gode heile vegen til topps. Tørt vart det også, men ser at det kan vere grisete her med litt fukt frå oven.
Men då nakenspringing ikkje er sosialt akseptabelt vart det 35 minutt med tøy og o-sko frå Gråkallen Skisenter til toppen av Storheia. Møtte mange fotturistar og syklistar, men ingen som jogga. Fulgte standardvegen fyrst vestover, så sørover. Litt lett klyving akkurat opp mot toppen der fantastisk utsikt venta oss 360 grader: Jordbruk, bymark, sjø og by. Fekk inntrykk at denne toppen var eit populært mål tross mangel på stilig toppvarde. Jogge ned at på nye 35 minutt og avslutta med eit bad i vatn 382.
Ei fin avslutning på VM i Orientering 2010 der Norge sanka 2 gull, 3 sølv og 2 bronse (eller noko slikt). Så var det å sette kursen mot Værnes, estimert 45 minutt i normal trafikk.

t/r jogging: 1t 10min
Høgdaren: Den overraskande flotte utsikta!


Tilbake til Trondheim


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset