Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Songdalen
Vest-Agder
Det bur ein grevling i Rinnan,greveling,grevelang
(Skrevet av Anders 25.07.2010)

Tur foretatt: Juli 2010.

Starta frå Kristiansand, stilte GPS'en på Røyrås og køyrte opp der på 45 minutt. Tok som andre av opp traktorvegen mot Apåsland, men møtte blokkert straumgjerdet ved veggaflingen mot garden. Starta herifrå og fekk 5 stutapåsar i vill gallopp etter meg. Fekk lukkelegvis avslutta med ein Patrick Sjøberg over straumgjerdet i motsatt ende og berga livet med naud og neppe (eller ville dei berre leike?).
Kom etter 100m fram til kryss der eg trur andre har parkert. Fulgte stiforslag ned til høgre og 15 min til eit vatn som IKKJE var ein lur idé. Her var det høgt gras, ufin traktorveg og uryddig botn. Brukte ca. 35 min totalt til toppen etter å ha passert steingjerdet øvst i hogstfeltet og dratt rundt til venstre opp bakken og så nordover(høgre) mot toppunktet.
Det var som kjent ingen varde, men fleire hadde stilt opp pinner mot treet som står ca. på toppunktet. Eg bidro med ein kvast, tok dei obligatoriske bileta og tok så retning direkte sør for å prøve å finne ein betre veg ned att. Etter 150 meter kom eg til ein (ny?) traktorveg som ikkje var på kartet i bukselomma. Denne gjekk heilt ned til parkeringsplassen ved straumgjerdet der kyrne hadde forlatt "åstaden". Eg skal laste opp eit bileta av denne traktorvegen slik at folk veit kva val dei skal ta. Er dei like lukkeleg som meg treff dei også på ein grevling som var ute og snuste på kveldsmat ca. 2130. Eg var vegd og funnet for tung så den for opp under ormeblada.
55 min totalt, men kan gjerast fortare med betre vegval. Ikkje all verden til topp eller tur, men møte med fyrste grevling nokon sinne gjorde turen ned att til Kristiandsand til ein triumferd i fullmånelys.


Tilbake til Songdalen




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset