Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Suldal
Rogaland
Laaang tur.
(Skrevet av agnar 14.07.2010)

Tur foretatt: Juli 2010.

Dårlege meldingar for tysdagen, så eg trudde ikkje så mykje på tur. Men då eg stod opp var det opphald, etter mykje regn om natta, og vistnok skikkeleg uvær på Østlandet. Skodda låg på ca 1500 moh, men eg la i vei. Fulgte DNT-ruta til første brua, herfrå tok eg opp og gjekk i nedkant av fjellet rundt til Lisledalen. Måtte vasse over elva i utløpet av vatnet, den var stor etter regnet om natta, og mykje snøsmelting i mildveiret. Gjekk eit stykke innover dalen før eg tok oppover, og kom opp på egga i ca 1500 meters høgde. Skodda hadde lette mykje, og sola kom igjennom, men lite utsikt. Lang vandring innover egga før toppen vart nådd. Bestemte meg for å gå ned på andre sida, og til DNT-ruta frå Holmvasshytta. Dette vart nok litt lenger enn berekna, så tilbake til Haukeliseter etter godt 9 timar. Godt fornøgd med tre fylkestoppar på 3 dagar.


Tilbake til Suldal
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset