Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Store Skykula
906 m
Eigersund
Rogaland
Skulle tatt med sykkelen!
(Skrevet av Finnfast 06.06.2010)

Tur foretatt: Mai 2010.

Årets første skikkelig varme fridag tok vi turen til Store Skykula. Svingte av til Bjerkreim og fulgte vegen vidare til Lauperak. Tok av til høgre til eit hyttefelt rett etter at den lange nedoverbakken til Lauperak startar. Her kjørte vi til endes og parkerte rett før bommen. Valgte å følge den asfalterte vegen både opp og ned, sjølv om det nok hadde vore litt meir spennande å følge stien. Brukte vel ca 2,5 timar totalt i passe roleg tempo. Vid utsikt, men problemet er at det er vanskeleg å skilje ut kva du faktisk ser. Raskt oppom sjølve toppunktet med radaren, mens pausen på toppen blei tatt ved toppvarden litt lenger borte.

Tips: Vil du ha skikkeleg trim vil eg anbefale å sykle i fra Bjerkreim. Ca 25 km med nærmast samanhengande oppoverbakke. Turen ned att virka fantastisk. Vi traff ein på sykkel rett ved toppen og vart misunnelege når han rann forbi på veg ned att.

Ellers får ein med seg litt Bjerkreimshistorie om ein svingar bortom Odlandstø (rett ved Bjerkreim) og besøker M/K Ørsdølen som har frakta folk og fe på Ørsdalsvatnet i fleire mannsaldrar. Denne går kvar søndag inn til Vassbø i enden av Ørsdalsvatnet.


Tilbake til Eigersund
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset