Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Haugesund
Rogaland
Lett klauving i frisk blest
(Skrevet av Anders 24.05.2010)

Tur foretatt: Mai 2010.

Etter pinsehelg i Rogaland vart kursen heim avbrote a ei lita tur innom Klauv. Vi tok av frå E39 mot Skastad og leita etter sti og trafo. Fann denne ved andre passering. Sjå vedlagt bilete for kva du leiter etter. Det er også eit skilt, men det er heilt inngrodd i trær (ref. bilete).
Stien oppover var grei å følgje og ikkje så blaut. Løft hovudet og sjå framover for å styre unna feilgange. Vi brukte 29 min til toppen inkludert eitt par fotostopp. 20 min ned med tilsvarande agenda.
Det var frisk vind, god utsikt og mykje vestlandsterreng.
Prøvde på litt buldring i ein knaus, men gav oss etter eit flott bildet då det var relativt stor fare for å ramle ned i myra... Det viktigaste er jo det kule bildet.
---
ps! Det er merkeband langs sti i nasjonale fargjer. Det er ikkje så enkelt å finne alle desse.
Pps! På toppen er ei knekt merkemast som godt kan brukast som gitar.


Tilbake til Haugesund




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset