Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Lund
Rogaland
Badikken og bilen fekk brynt seg...
(Skrevet av Anders 20.05.2010)

Tur foretatt: Mai 2010.

Starta frå Egersund og fokuserte på "alt Lund har å by på" i staden for mange toppar på ein dag. Tok dermed turen via Moi og den sagnomsuste, einvegskøyrde fjellovergangen Tronåsen (http://www.bilturer.no/tur.php?id=31), etappe i Rally Monte Carlo 1930! Absolutt ei artig 5 km serpentinerrute der Det Blå Dyret (Yaris) blødde.
Etter nedkomst frå vegen vart det bratt nordover mot Virak og til "bøyen" på vegen der den nye grusvegen snirkla seg ca. 1,2 km oppover. Ein lang grusstrekningen langs Sirdalsvatnet gjorde forøvrig det strekket berre passe interessant.
Diverre var bommen ved grusvegen låst så her var det berre å parkere og starte traskinga. Var ikkje langt til enden av vegen der starten på stien var grei å finne, sjølv om den ikkje er særs markant eller merka. Bruk kart, bruk blikket og følg elv i tvilstilfellet så går det fint å komme seg til Storetjødn, 581 moh. Deretter er enklaste veg markant dal i nordvestre retning som tar deg opp på topplatået. Her oppe er det greitt med kart for å vere trygg på at du er på rett plass.
Sjølv hadde eg ikkje med kompass, men leste høgdekurver på kartet nøye for å sikre rute og riktig knut (Det er mange knutar i området ;). Eit lite skar før toppen og så flott utsikt i alle retningar og framleis godt og varmt; Deilig! 1 time opp. Tok bileta, la steinar på varden (ikkje til byrden) og gjekk over i Sirdal og tok eit isbad med snø og klart vatn og kjente det som ei forlenging av nasjonaldagen!
På veg ned att haldt eg høgden og var bortom dei andre toppane med varde på. Den eine litt høgare enn 731, men altså i Sirdal. Dro ned i lett driv og kom ned 30 min seinare. Masse flott stein og fine myrar, men ingen dyr å sjå. Tok kjappaste veg attende via Mydland og ei praktfull steinbru (kulturminne) med namnet Terlandsklopp. Artig var også skiltet med sau-i-tunnel. Anbefaler denne rundturen og eit bad på toppen.
ps. Mistenker at dette kan vere ein fin skitur om det er godt med snø og ein har gode ferdigheiter.



Tilbake til Lund


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset