Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Suldal
Rogaland
I fylkestoppanes heimland...
(Skrevet av Anders 05.05.2010)

Tur foretatt: Mai 2010.

...får ein ingenting gratis.
Starta kl. 1630 frå Haukeliseter og det for kjapt bortover isen. Etter 30 min starta bakkane opp og rundt nasen på 'Kistenutmassivet'. Oppdaga at alder har starta å sette sine spor; Fellene låg at på rommet. Smørte så skia med trass og haldt fram i fiskebein. Endra taktikk frå å gå opp på eggen til å halde dalen heilt inn over Lisledalstjønn før av med ski (på sekk) og trasking bratt opp til toppen.
Merka etter kvart at formen ikkje var så god og gleda meg ikkje like mykje over sol, snø og fantastisk landskap. Diverre hadde toppfeberen tatt tak og eg pressa på inn dalen og så oppover. Det var nok litt brattare enn Statens Kartverk skulle ha det til, eg vil ikkje anbefale denne ruta om det er nokon form for rasfare. No var det superstabil snø og stabilt vær tross litt vind.
Nådde toppen etter ca, 3,5 timar og var litt uvell. Tok bileta, spenta på skia og tok eggen attende då det gjekk skispor her og eg ikkje ville gå dei flate vatna attende. Kom ned mot Haukeliseter etter 1 time med litt hog og belegg - køyring. Snøen var her så skarp at eg for utanfor ein kant før eg fekk stoppa. Slo skallen i hard snø og fekk ein karamell.
Brukte så ein helsikens halvtime attende i motvind. Trøtt og uvell ved hytta - Varm dusj og kjøttkakemiddag klarte knapt å sikre eit smil. Ikkje alltid livet er topp, sjølv i snø og sol...

Tid: 5 timar utan feller og smørning


Tilbake til Suldal
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset