Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Rissa
Sør-Trøndelag
Overraskande grei skurving
(Skrevet av Anders 24.04.2010)

Tur foretatt: April 2010.

I vente på kveldens einaste fly til Bergen (Etter litt heftig bråtebrenning på Island) vart bilen satt i kurs mot Fagerli. Litt om og men då det ikkje vart skilta der, men kom om sider fram og starta avmarsj 16:39. Såg kjapt at det var urutt (Ikkje approbert norsk, men klarte ikkje å la vere...) å legge att skia heime då starte var skyggedal med snø som ligg att til godt ut i mai. Lukkeleg var scooterguden med meg så det var hardpakka snø å labbe opp i.
Tok som andre av nordaustover ved Heitjørna og fann bare fjellparti parti der sola hadde steika, for snøen var litt rotten. Kom opp på "eggen" og blomstra inn mot toppen i snø og sol. Steike flott. Litt opp og ned og kom opp til toppen 17:48, medium fart med nokre fotostopp.
Blankpolert kasse, utsikt til søta bror og havgapet. For eit syn! Ned att var det å finne snørennene og "slushe" seg nedover med god demping. Kvifor er det så fantastisk å løpe i snø? Var nede att etter 40 minutt i greitt tempo, kl 18:34. Ein verdig topp nr. 80
Tips! Fin skitopp fram til (og med?) nasjonaldagen. Kan vere vanskelig på platået i dårlig sikt, men ok merka løype.


Tilbake til Rissa






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset