Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Hurum
Buskerud
Fin utsiktstopp
(Skrevet av Frode 18.09.2005)

Tur foretatt: September 2005. Andre på toppen: Benti, Dag

Vi starta denne laurdagen med ein tur til Hurum og Stikkvannskollen. Vi parkerte ved rv 289 ved starten av ein skogsveg. Her var ei infotavle med opningstidene for Stikkvannshytta og eit kart over området. Etter 500 m på skogsveg tok vi av stien opp gjennom skogen. Etter 500 m delte stien seg i to. Den venstre stien gjekk til Stikkvannshytta, medan den høgre gjekk oppover til Stikkvannskollen.

Stien var fin og tydeleg. På toppen var det faktisk veldig god utsikt i alle retningar, sjølv om ein ikkje har tilgang til å nytte tårnet som er sett opp der.

Ein lett tur i fint terreng som ikkje tek meir enn ein drøy time tur-retur frå parkeringsplassen.


Tilbake til Hurum
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset