Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Volda
Møre og Romsdal
Mykje ver på Sunnmøre!
(Skrevet av Anders 11.04.2010)

Tur foretatt: April 2010.

Vi starta kl. 1700 frå parkeringsplassen ved Osdalsætra i snø og litt vind. Det skulle verte betre og betre ver ut over kvelden så vi satsa på det.
Fyrst kjapt inn til Bygdastølen og så ukjapt opp Bygdaskaret kor snøen var tung og blaut. Som andre dro vi rett opp skråninga med minst helning, men noko bratt her etter vatn 802. Vi hadde no hatt sol, snø, vind, ++ i skjønt samkvem- Snøen låg fast og fin utan lyd og med standardruta og snøskredfare = 2 vurdert av ekspertar, var det liten fare med å halde fram. Nær toppen låg det ei tjukk skykule som gjorde det ytterst naudsynt med kart og kompass. Dei andre snudde litt før toppen grunna dette, men eg gjekk opp og tok ofte kurs. På eit tidspunkt meinte eg toppunktet var nær, men såg det ikkje og vurderte å køyre ned att. Då stod "kassa" der plutseleg ut av tåka: LYKKE!
Så var det berre å ta eit bilete, "snøre" plastskoa og kaste seg ned gode 1000 høgdemeter til bilen. Dro ned same veg grunna mangel på kunnskap om meir heftige renner og lyset som byrja å forsvinne. Tid: 4t 30min


Tilbake til Volda
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset