Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Tynset
Hedmark
Handicap-tur
(Skrevet av Frode 29.08.2005)

Tur foretatt: August 2005.

Eit dårleg kne gjorde valet mellom kommunetoppar i området enkelt denne søndagen. Tronden (eller Tronfjellet) har bilveg (avgift 50 kr) heilt til topps. Fjellet har to toppar, der austtoppen (den lavaste) er den høgste i Tynset kommune.

Ein tek av frå Alvdal og køyrer nordover eit stykke på austsida av Glåma. Etter ca. 3 km er det skilta veg til høgre mot Tronfjellet. Etter å ha passert ei seter som ligg ca. 800 moh, går vegen over frå fin asfaltveg til middels fin grusveg. Det er nok ein fin treningstur å jogge/gå til topps herifrå, men ei forutsetning er sjølvsagt at begge beina fungerer.

På vesttoppen av Tronden (den høgste på 1665m) står det ei TV-antenne, medan det på austtoppen er plassert ein radar. Dette er sjølvsagt forklaringa på at det er køyrbar veg heilt til topps, men likevel får ein ikkje heilt fjelltur-stemninga med bilen parkert 5 m unna toppunktet. Utsikta derimot er framifrå, og spesielt god utsikt vestover mot dei markante 2000m-toppane i Rondane. Flott utsikt også mot Sølen-massivet i Rendalen og Store Sølnkletten (høgste topp i Alvdal kommune)


Toppunktet i Tynset, TV-sendaren på vesttoppen i bakgrunnen


Tilbake til Tynset
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset