Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Tydal
Sør-Trøndelag
Sol, rein og snø
(Skrevet av Frode 29.08.2005)

Tur foretatt: August 2005.

Nedalshytta må vere ei av dei finaste hyttene til DNT. Den er også lett tilgjengelig, då det er bilveg heit fram til hytta (ein drøy times køyretur frå Røros). Hytta ligg også i eit mektig landskap der ein har Nedalssjøen (største innsjøen i Sør-Trøndelag), Sylene (høgste toppane i Sør-Trøndelag utanom Dovre) og mektige vidder som på denne tida var fylt med beitande rein og modne molter og blåbær.


Nedalshytta


Fine beitemarker for reinen

Vi velde Nedalshytta både som start- og endestasjon for vår tur til Storsylen, men her er det fleire alternative ruter. Stien frå hytta mot Storsylen (TT-merka) går først i nordvestleg retning før den bøyer av mot nordaust og deretter går på sørsida av Syltjønna. Eg har ein mistanke om at denne stien er lagt om litt i løpet av dei seinare åra, då eg har sett kart der stien går meir rett nord og brattare opp på austsida av Neklumpen (1014m).


Ragna med Nevatnet i bakgrunnen

På partiet mellom Nedalshytta og Syltjønna såg vi mykje reinsdyr, og kom fleire gongar på avstand nærare enn 100 meter. Veret var perfekt, med sol og ein lett bris som gjorde at det ikkje vart for varmt å forsere myrpartia før Syltjønna.

Stien går så bratt opp fjellsida mellom Nordsylen(1522m) og Storsylen. Frå avstand ser den bratt og vanskeleg å forsere, men den merka ruta er grei å gå, og det er heller ikkje mykje lause steinar i ura opp mot toppen. Men ein bør nok vere litt forsiktig i vått og sleipt underlag.


Stien går bratt opp frå austenden av Syltjønna

Då vi kom opp i skaret mellom Veslesylen og Storesylen fekk vi ei flott utsikt innover mot svensk side og bl.a. Sylstasjonen. Austveggen er så og seie loddrett stup eit par hundre meter ned og ein liten isbre ligg ved foten av fjellet på svensk side.

Riksrensa går ikkje heilt gjennom toppen på Storsylen. Grensa mot Sverige var markert med ein grensestein som står ca. 100 meter nord for toppvarden.


Carl Gustav sin grensestein frå 1985 er skeiv og prega av mykje hardt ver.

Vi rakk akkurat å skrive oss inn i loggboka og å nyte litt av utsikta før det skya over og byrja å snø. Vi kom oss eit stykke ned i steinura, for å få litt metre ly for vinden medan vi tok ein matpause. Men det vart etterkvart ganske hustrig der også, så vi bestemte oss for å kome oss ned så fort som mogleg. Då vi kom ned igjen til Syltjønna, hadde snøveret og skyene fordufta, til glede for dei mange andre som var på veg opp på toppen.


Ragna framfor toppvarden på Storsylen

Vi brukte drøye 7 timar t/r Nedalshytta, derav 3t 45m på oppturen.


Tilbake til Tydal
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset