Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Holtålen
Sør-Trøndelag
Vandring i nasjonalpark
(Skrevet av Frode 29.08.2005)

Tur foretatt: August 2005.

Forolhogna vart nasjonalpark i 2001 blant anna for å ta vare på villreinen sine gjenverande område i landet. Eg såg ingen rein på turen min på Forolhogna, men ein del kyr og sauer vart observert på vegen innover til Bakkvollen. Kyr kan innimellom vere temmeleg arrogante. Har dei bestemt seg for å gå 3 i breidda i lusetempo langsetter vegen, så gjer dei det inntil dei får eit nytt innfall.


Bakkvollen

Trass i litt køkøyring (eller kukøyring) på Synnerdalsvegen (avgift 50 kr), kom eg meg omsider inn til Bakkvollen, setra som er det vanlege utgangspunktet for fotturar til Forelhogna. Det var god sti, dog litt gjørmete i starten på grunn av regnet dei siste dagane.

Etter den første stigninga på 250 høgdemeter er det stort sett flatt heile vegen innover til fjellet. Rasteplassen på toppen av den første kneika har til og med fått eige namn, Kvilstenan, og ein liten stopp her er ein nesten forplikta til å ta.


Ein av Kvilstenan, med Litelsalen (1085m) i bakgrunnen

Stien går først i austleg retning før den bryt av mot sør og passerer like nedanfor Storsalen (1170m). Så er det nok 3 km i flatt terreng før sjølve oppstiginga til Forolhogna startar. Turen til toppen tek 1,5 time frå Bakkvollen, dersom ein held jamnt tempo. Dette er ein lett tur i fint terreng som både små og store, unge og gamle kan klare.


Forolhogna med Forollsjøen til venstre


Tilbake til Holtålen
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset