Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Aure (gamle)
Møre og Romsdal
Amerika-reise
(Skrevet av Frode 25.08.2005)

Tur foretatt: August 2005.

Todalssetra er nok det mest nytta utgangspunktet for ein tur til Todalsfjellet. Herifrå er det også godt merka sti heilt til toppen. Det var også Todalssetra som var mitt mål kvelden før, men kven har tid til å studere skilt når det er så mykje anna å sjå langs vegen, som f.eks. hjort og kongeørn. Det heile enda med at eg køyrde opp ein veg som gjekk parallelt med vegen opp til Todalssetra, og tilbrakte natta i bilen ein stad i Todalsdalen (smak litt på det namnet).

Eg vakna opp til lokalnyheitene på radioen kl 8. Der snakka dei om det komande Stortingsvalet, og at Tustna og Aure samtidig skulle velje nytt felles kommunestyret. Vel, tenkte eg, Todalsfjellet er sikkert ein fin tur uansett om den forsvinn som kommunetopp eller ikkje. Dei fortalte også i den lokale vermeldinga at det skulle vere sol over heile fylket. Eg skifta til shorts, hengde kleda frå gårsdagens turar til tørk på bilen og labba i veg på stien oppover mot Amerika (ja det var det som stod på skiltet). Etter ein halvtime byrja det å regne.

Ved Amerikavatnet (507 moh) var det ei lita hytte. Eg innbilte meg at det måtte vere fleire som budde i Amerika, men tenkte så at dei har sikkert teke med seg husvognene og dratt ein annan stad for sesongen. Frå Amerika følgde eg ein rygg og kom etterkvart opp på ein topp som er 623 meter høg. Herfrå var det fin utsikt mot Todalsfjellet. Eg kom deretter ned i Sleipådalen, kryssa elva, og gjorde meg klar for oppstiginga mot Todalsfjellet.


Hytta ved Amerikavatnet.

Då eg nærma meg toppen kom eg innpå stien som går opp frå Todalssetra. Den var forresten nymala for anledningen. På toppen var det ein fin varde. Fastmerket låg ca. 100 m frå toppvarden, men høgda såg ut til å vere ganske lik på begge stadane.


Toppvarden på Todalsfjellet.

Turen ned igjen til Todalssetra gjekk fint. Eg fulgte den godt merka stien. Partiet ned Sleipå (200-400m) er ganske bratt, men det var bygd trappetrinn på dei mest utsette stadane. Sleipåfossen er også praktfull, og han var no også fylt med ferskt regnvatn. Vel nede på Todalssetra måtte eg gå langs med veien 1,5 km og deretter krysse elva for å finne igjen min eigen bil.


Todalssetra.


Tilbake til Aure (gamle)
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset