Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Bjugn
Sør-Trøndelag
Lærskoleik og gaupefrykt
(Skrevet av Anders 03.03.2010)

Tur foretatt: Mars 2010.

Starta frå Høgås gard, parkeringsplass 50 meter etter Gard.
Fulgte sti som det var tjukt med snø i kl. 1555, men oppdaga til min store glede at scooterguden hadde forbarma seg over meg og køyrt opp spor, truleg samme dag!
Ved vatna gjekk sporet bort til hytte. Eg vart med der og starta opptråkking med feller på rett bortanfor. Dårlig val; vart lurt av lite høgdekurver på mitt kart og måtte ned ein del meter i skaret. Betre å gå rundt som dei andre har gjort. Vart litt stressa mtp lyset, men kløyv opp sidan og satt siste snutid til 1730.
Kom opp 1728 og hadde vore lenge nok i "dødssonen" då; Av med feller, ta bilete og så kaste seg utanfor kvass skråning med lærsko og dødsforakt. Litt stolt over god køyring i tøft lende der. Tryna mot slutten mellom tette grantrær. Obligatorisk.
Vegen attende vart litt glatt utan feller og smørning, det er litt opp og ned her. Anbefaler det uansett som skitopp for entusiastar. Litt Artig å høyre om andres møte med fuktige myrar. No var det berre Kong Vinter.
Og gaupa viste seg ikkje sjølv om terrenget var veldig "gaupete". Nede att 1825. Samme stund starta eit hissig snøver...


Tilbake til Bjugn


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset