Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Averøy
Møre og Romsdal
Gul kamfer og gule ski i gul solnegong
(Skrevet av Anders 21.01.2010)

Tur foretatt: Januar 2010.

Hadde fri frå 1200 og køyrte frå Bruhagen til Mork der det er skilta til Meekknoken. Starta 1315 frå vegen med bakkeski, feller og skygge. Hadde med sherpa frå Aveøy Kommune, Berit H., som viste kyndig veg i vrimmelen av skilt og oterspor.
Var etter ein time over skogsgrensa og ei lita time til på toppen. Tok godt med tid til bilete så kan gjerast mykje fortare. Det var litt lite snø, men strålande solnedgong å køyre ned i. Vakkert med kombinasjonen av tare og tind. Anbefaler nedkøyring sørvest mot oppdemma vatn for å få litt utfordringar. Ikkje dra for langt ned om du ikkje vil traske opp att for å komme ned til Mork. På slutten er det litt skogs- og skogsvegkøyring.
1 time ned med diverse fotoseansar. Flott tur i godt selskap!


Tilbake til Averøy
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset