Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Stord
Hordaland
Kald og forblåst tur til toppen av Stord
(Skrevet av Baronen 08.11.2009)

Tur foretatt: November 2009.

Tok av fra E39, køyrde forbi Fjellgardane og parkerte bilen ved bommen (Heio). Turen starta med god stigning i "steinlagd" sti før eg kom opp på flata. Då var det slakt og fint resten av turen mot toppen. Eg ser eg valgte ein lang veg, men slapp unna mykje stigning. Brukte nokså lang tid på siste stykket, der eg omtrent måtte gå på alle fire til toppen. Det blåste opp mot stiv kuling og temperaturen låg rundt 0 grader (vassflaska vart full i isbitar og batteriet i fotoapparatet streika)

På toppen blåste det slik at eg ikkje fekk skrive meg i noko bok. Var redd vinden skulle fara med meg i eit av vindkasta. Fekk eit par fine bileter på turen ned, før kameraet streika. Brukte vel 2 timar opp, og nesten det same tilbake.

Fitjar fekk vera i fred for denne gong...

(Hugs å ta ein kikk på kartet. Stiane går på kryss og tvers over heile fjellet)


Tilbake til Stord
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset