Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Finnøy
Rogaland
Nordens svar på Påskeøya
(Skrevet av Anders 21.07.2005)

Tur foretatt: Juli 2005.

Var onsdag 20.07 på Nordens svar på Påskeøya - Ombo.
6 ferjer måtte til for utflukten frå Hellesøy utenfor Stavanger, men det holder altså med 4 frå Stavanger. Uansett tar det mykje tid å komme seg til sjølve fjellet (over 500 meter må no vera fjell... eller?).
Me(foreldre og meg) tok ferjo til Tau og køyrte til Hjelmeland. Her går det av og til ferje til Ombo via Nesvik, men dette bør kontrollerast før tur. Når me kom til Ombo dro me til 'Tuftene' på SørAust - kanten av øya. Frå enden av vegen fann me merka sti som som tok oss opp over fjellsiden. Me kom inn på ein ny grusvei (som ikkje var på karta) og gjekk opp over her eit stykk til det igjen gjekk inn i skauen. Nærmare toppen var det mange, artige, store, kvadratiske fjellformasjonar som tydar på at ein eller annan gong har ein gud hatt det kjekt med meiselen her. Ellers var det rimelig bratt, men ikkje verre enn at det gjekk greit. Me kom så opp på topplatået, men måtte ned og over ei Rubus chamaemorus(molte)myr før me igjen kunne stige til øverste punkt. Merking og skilting var veldig bra til å vera ein øy med 320 fastbuande. Her frå toppen går fjedlet bratt ned i sjøen og me vona på framifrå utsikt, men blei møtt av ein tåkevegg av dimensjonar. Me leste dog i loggen at for ei veke siden var det grillings og 27 - grader her oppe. No var det 7 grader, tåke og regn. Sånn er livet. Lang blei og turen attende til Stavanger med diverse bom på ferjer. Sjølv fotturen frå Tuftene gjekk i moderat tempo på 2-3 timer, mens turen i seg sjølv tok... ca 9 timer.
ps. Pølse og friterte potetar på Tau - kaikafe smakar syre! Til informasjon.


Tilbake til Finnøy
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset