Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Hestgrovheia
656 m
Agdenes
Sør-Trøndelag
Sykle/gåtur Åstfj-Herdalen nat.res-Heia-Åstfjorden
(Skrevet av ulf 27.09.2009)

Tur foretatt: September 2009.

Starta med ca 5 km slakt oppover på sykkel,,frå botnen av Åstfjorden,låst bom ved riksvegen.Nydeleg septemberdag,gjennom Herdalen naturreservat med hassel og alm i sørhellinga.Opp like øst for Svartbekken ,flott liten canyon her,opp på flata og vidare opp ryggen nordvestover og inn på hovudstien til topps.Flott utsikt,noko lave skyer i aust innover trondheimsfjorden ,ellers flott utsikt mot nordlege Trollheimen :Resfjellet,Trollhætta,Snota,Mot Snillfjord :Omnsfjellet/Gråurda, og sørvest/vest:Aure,Hitra,Frøya. Nordover mot Fosen.Følgde så ryggen til Grytbekken,vidare på kanten av brattlia til Herdalen naturreservati 250-200 m høgde,her snubla eg nesten oppi ein orrhane som tok av utover dalen,flott syn. Akrobatisk hopp over flomstor bekk frå Fugeltjørnan,her går det umerka sti/gjengrodd traktorveg,så ned lia til sykkelen der grusvegen blir gjengrodd traktorsti (ufarbar for sykkel).10 min nedover herfrå til bilen.Med gode pausar 6 1/2 time.Anbefaler denne turen for dei som ikkje berre jagar 3-4 toppar same dag,

Tilbake til Agdenes
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset