Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Søndre Land
Oppland
Rally eldorado
(Skrevet av Frode 31.05.2005)

Tur foretatt: Mai 2005. Andre på toppen: Torbjørn

Det er eit utall av skogsvegar i dette området, og ein skal ha nytt og godt kart, samt halde tunga beint i munnen for å ikkje køyre seg heilt vill i desse skogane. Vi valgte å ta toppen frå nord.

Vi tok av til høgre frå rv 245 ved Tranby, akkurat i starten av Randsfjorden. Etter ca. 7 km kom vi til Nedre Svartevatnet der det er ei lita demning. Ein knapp kilometer etter demninga deler vegen seg, og vi tok her til høgre. Etter nye to kilometer tok vi til venstre nok ein gong (2. avkøyring) og fulgte denne vegen sørover ca. 3,5 km. Vi parkerte bilen på ein parkeringsplass like etter at vegen svingar vestover.

Det er 1,7 km i luftlinje og 180 høgdemeter til toppen, men vi brukte likevel ein del tid for terrenget var ganske tungt, med tjukk skog og ein del småstup opp mot toppen. På veg mot toppunktet passerte vi også eit anna punkt (knappe 400 m nordvest) der vi målte høgda til 864 m med GPS'en. Kartet viser ikkje noko slik høgde, men uansett så ligg nok dette punktet i Nordre og ikkje Søndre Land.

GPS eller kompass er eit must på denne turen. Vi hadde nok hatt problem med å finne igjen bilen hadde vi ikkje hatt GPS'en.


Tilbake til Søndre Land
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset