Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Lillehammer
Oppland
World Wide Weekend
(Skrevet av Frode 31.05.2005)

Tur foretatt: Mai 2005. Andre på toppen: Torbjørn

Eg og Torbjørn møttest på Fagernes for å raide nokre kommunetoppar helga 28. - 30. mai, medan Petter er på nasjonstopptur i Asia.

Vi hadde tenkt å ta Vesle Skjellingshovde i Søndre Land allereide på fredag, men litt feilkøyring og litt for dårleg kart til å gå i mørket gjorde at vi droppa det og fortsette til Lillehammer der vi heldigvis fann ledig hotellrom på det tredje hotellet vi sjekka.

Vi starta frå Lillehammer kl 9 dagen etter, og køyrde opp forbi det gigantiske hytteområdet i Hafjell og parkerte på ein stor parkeringsplass omlag ein km før Pellestova. Herifrå var det fin sti heile vegen til toppen av Nevelfjell.

Med ei total stigning på litt over 100 m, er nok dette ein av dei lettare kommunetoppane å bestige, men utsikta er i toppklasse. Fantastisk utsikt både mot Rondane i nord og Jotunheimen i vest.


Tilbake til Lillehammer
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset