Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Gullfjellet
987 m
Bergen
Hordaland
Månelyst
(Skrevet av Frode 15.12.2008)

Tur foretatt: Desember 2008.

Var på Gullfjellet på fredag for å ta ned Topptrim-kassa der etter sesongslutt. Hektisk desember gjorde at eg måtte ta turen etter jobb, og labba av gårde frå Osevatnet med lag med langt ullundertøy og hodelykt. Ullundertøyet fekk eg god nytte av (rundt 10 minus og ein frisk bris på toppen), men lykta var overflødig. Det viste seg at fullmånen var den sterkaste og største som har vore på 30 år! Alt i alt ei fantastisk oppleving å vandre i Gullfjellmassivet heilt åleine under ein klar stjernehimmel og ein måne som gjorde vinterlandskapet enno vakrare enn det er i dagslys. Kvelstur i vinterfjellet kan anbefalast på det varmaste, vel og merke dersom du har varme klede.

Tilbake til Bergen


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset