Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Gaular
Sogn og Fjordane
Heilgardering
(Skrevet av agnar 25.08.2008)

Tur foretatt: August 2008.

Starta frå Myravatnet og fulgte stien oppover. Tok av under Knausen, men gikk litt for langt til høgre og
kom nesten på toppen av denne. Måtte ned att litt, før eg kom inn på ryggen som fører opp til toppen.
Oppe etter 1 t og 45 m. Målte høgda frå trig.punktet til toppen, ca 5 m høgare på toppunktet. Spørmålet er kvar kommunegrensa går. Iflg Norgesglasset går den litt sør for toppen. På turkartet Indre Sunnfjord går den som ein spiss nord til trig.punktet, og toppen ligg inne i Høyanger kommune.

Bestemte meg for å ta turen til Skarfjellet, som har samme høgde, 1354 moh. Brukte ca 2 timar, etter å ha teke nokre dårlege veivalg. Min gps vippa mellom 1356 og 1357 på begge toppane. Iflg Snilen skal fastpunktet på Geitebotsfjellet vere nokre cm høgare, men for å slå det fast sikkert, må nok den solide varden på Skarfjellet rivast. Etter ein kort matpause i den litt sure vinden på toppen, gjekk eg rett nordover for å komme ned av toppen. Det var nok eit dårleg valg, skulle gått ned på vestsida. Så det var så vidt eg klarte å ta meg ned dei bratte svaa. Måtte så vidt innom eit alt for bratt snøfelt òg.

Etter å ha komme ned av sjølve toppen, gjekk turen vestover og inn på ein anleggsveg som fører ned
til Oppedal i Viksdalen. Her fekk eg skyss tilbake til bilen.


Tilbake til Gaular
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset