Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Ål
Buskerud
Regn, snø og sol.
(Skrevet av agnar 10.08.2008)

Tur foretatt: August 2008.

Starta frå Bjøberg, og fulgte DNT-ruta mot Bjordalsbu. Forbi Hemsedalstnernan og til Raudbergsholtjerni.
Kryssa elva vest for vatnet og opp lia på sørsida. Oppe på ca 1600 m gjekk regnbyene over til sludd.
Såg aldri toppen på vei opp pga skodde. GPS-en låg igjenn i bilen, og kompasset heime, så det vart litt
leiting. Lurte på om eg måtte gje opp, då det plutseleg dukka opp ein varde framme i skodda. Litt etter såg eg masta, og toppen vart nådd etter 3,5 t. Surt og kaldt på toppen i ei kraftig snøbye, men 5 min etterpå letta skodda, og utsikta vart brukbar. Tok ein kortare veg tilbake mot Raudbergsholtjerni, men mykje meir ur og
det tok lenger tid. På tilbakevegen vart veiret lettare etter kvart, og sola kom fram. Tilbake til Bjøberg etter 7 t.


Tilbake til Ål
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset